Senteret sitt bannerbilde

Nytt telefonnummer

17. oktober 2019

 

Hareid legesenter har nytt telefonnummer

                         70 30 70 70

STENGT!!!

14. oktober 2019

TORSDAG 17. OKTOBER BLIR HAREID LEGESENTER STENGT GRUNNET INTERNT KURS + SKIFTE AV SENTRALBORD. 

VI FÅR  NYTT TELEFONNUMMER  70 30 70 70. 

VED BEHOV FOR LEGEHJELP DENNE DAGEN KONTAKT ULSTEIN LEGESENTER TLF 70 01 89 89.

 

8. august 2019

Torsdag 8. august er Hareid legesenter stengt frå kl 1130 grunna påkrevd datavedlikehald. 

Ved behov for legehjelp kontakt Ulstein legesenter

tlf 70018989

11. april 2019

11. april 2019

GOD PÅSKE TIL ALLE!

ÅPNINGSTIDER PÅSKE 2019

Mandag 15. april  0800 - 1500

Tirsdag 16. april   0800 - 1500

Onsdag 17. april Stengt. 

Ved behov for legehjelp utentom åpningstid kontakt legevaktformidlinga tlf 116 117. 

Ved behov for akut hjelp ring nødnummer 113.

 

 

Ny fastlege Camilla Berg Natvik

30. januar 2019

Det er ei glede å ynskje Camilla Berg Natvik velkomen som ny fastlege ved Hareid legesenter.

Ho tek over stillinga til Eirik Ytterland og starter 11. Mars. 

Velkomen til oss.

Eirik Ytterland sluttar.

30. januar 2019

 

Fastlege Eirik Ytterland sluttar i stillinga si hos oss 31.januar.

Han går over i stilling som fastlege ved Klipra legesenter i Ålesund.

Vi vil takke Eirik for innsatsen ved Hareid legesenter og ynskje lykke til i ny jobb.

 

 

ÅPNINGSTIDER JULA 2018!

19. desember 2018

Julafta STENGT
Tysdag 25. desember STENGT
Onsdag 26. desember STENGT
Torsdag 27. desember 09.00 – 14.00
Fredag 28. desember 09.00 – 14.00
Nyttårsafta STENGT
Tysdag 1. januar STENGT

Ved behov for legehjelp utanom åpningstida, kontakt legevaktformidlinga 116117.

Ved akutt sjukdom og skade ring 113.

God jul!

Influensavaksinering 2018

25. oktober 2018

Det vert influensavaksinering på Hadartun mandag 29. oktober og mandag 5. november kl 09.00 - 12.00. 

Sjå Hareid Kommune si nettside for meir info.

Sigurd Vålandsmyr Holen - ny fastlege

19. juli 2018

Sigurd Vålandsmyr Holen tok til i stillinga til Kristian Wennevold 1.mai. Han er i tillegg til fastlege også sjukeheimslege.

SIGVE SYNNES - NY FASTLEGE

6. april 2018

24. april tek Sigve Synnes til som fastlege hos oss. Han tek over fastlegelista til Gunnar Saunes, som går av med pensjon. 

Vi takkar Gunnar for lang og tru teneste og ynskjer han lukke til med pensjonisttilværet.

Vi ynskjer Sigve velkomen til oss!

ÅPNINGSTIDER PÅSKA 2018!

20. mars 2018

Mandag 26. mars 0800 - 1500
Tysdag 27. mars 0800 - 1500
Onsdag 28. mars STENGT

Ved behov for legehjelp utanom åpningstid, kontakt Legevaktformidlinga på tlf. 116117.

God påske!

Bilderesultat for påskekylling

KONTORET STENGT TYSDAG 20. MARS MELLOM KL. 08.00 OG 09.00

14. mars 2018

På grunn av intern kursing held vi stengt tysdag 20. mars frå kl. 08.00 til kl. 09.00. Ved behov for legehjelp i dette tidsrommet ring legevaktformidlinga 116 117. Ved ulykker eller alvorleg sjukdom ring nødnummer 113.

NY LEGE

20. februar 2018

Kristian Wennevold sluttar i stillinga si hos oss 28.februar. Vi ynskjer han lykke til i ny jobb på kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. 

Det er då gledelig at vi får nok ein ny og dyktig lege: Sigurd Vålandsmyr Holen. Han startar i stillinga 2. mai.
Dei andre legane ved kontoret vil vikariere for pasienter på denne lista i mars og april. 
 

GYNEKOLOGISK UNDERSØKELSE - SPØRSMÅL OM KVINNELIG LEGE

5. januar 2018

Det er mange som ønskjer time med kvinnelig lege hos oss for til dømes gynekologisk undersøkelse. Dette har vi ikkje kapasitet til per dato. Ein må dermed nytte eigen fastlege, alternativt kan ein bestille time hos privat gynekolog. FRISK-senteret på Moa har to kvinnelege gynekologar. Der kan ein bestille time sjølv direkte, utan henvisning frå fastlege. Prisen ligg noko høgare hos private enn hos fastlegen.

INFLUENSAVAKSINERING HAREID KOMMUNE 2017

26. oktober 2017

DET VERT VAKSINERING PÅ HADARTUN

ONSDAG 1. NOVEMBER OG TORSDAG 9. NOVEMBER KL 0900-1200.

VAKSINA KOSTAR KR 150,-.

 

Anbefaling om influensavaksine for sesongen 2017/2018

Følgande personar har økt risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og anbefalast derfor influensavaksine:

 

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine.
  • Born og voksne med:

o   diabetes mellitus, type 1 og 2

o   kronisk lungesjukdom (inkludert astma)

o   kronisk hjarte-/karsjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt,

o   kronisk leversvikt

o   kronisk nyresvikt

o  kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet

o   nedsett immunforsvar

o   svært alvorleg fedme (KMI over 40)

o   annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege                                                                                                            

 

I tillegg anbefalast influensavaksine til følgjende grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

 

SANITETEN STILLER VELVILLIG MED KAFFI OG NOKO ATTÅT :-) 

 

Meir info om vaksina og vaksineanbefalingane finn du her: 

https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/influensavaksine/

INFLUENSAVAKSINERING 2017

3. oktober 2017

På grunn av forsinka levering frå produsent, kjem ikkje influensavaksinene før i veke 42 eller 43. Det blir derfor ikkje oppsett vaksineringsdagar før tidlegast veke 43-44. 

Meir informasjon vert lagt ut når datoane er klare.

ÅPNINGSTIDER PÅSKA 2017

30. mars 2017

Mandag 10. april kl. 08.00 - 15.00

Tirsdag 11. april kl. 08.00 - 15.00

Onsdag 12. april kl. 09.00 - 12.00

 Vi vil ynskje alle ei riktig god påske! 

 

Kristin Svenneby ny lege frå 1. mai

29. mars 2017

Kristin Svenneby tek frå 1. mai over som fastlege for Inga Marthe Grønseth. Vi er veldig glade for å få inn enda ein ny og dyktig medarbeidar hos oss. Vi ynskjer Kristin velkomen til oss!

Rett til innsyn i pasientjournalen din

20. mars 2017

Her ved Hareid Legekontor benytter legene felles journalsystem for bedre å kunne yte helsehjelp til deg når du trenger det.

Din pasientjournal er en samling av opplysninger om helsehjelp du har fått. Hvert behandlingssted hvor du har fått helsehjelp, for eksempel sykehus eller fastlegekontor, skal opprette en pasientjournal.

Du har rett til å få innsyn i journalen din, og hvis du ønsker det kan du også få forklart ord og uttrykk som er vanskelige å forstå. Du har også rett til å få vite hvem som har hatt tilgang til pasientjournalen din, og hvem som har fått utlevert opplysninger fra den.

Du kan finne mer om dine rettigheter i forhold til din pasientjournal her:

www.helsenorge.no

Kristian Wennevold ny lege frå 1. mars

9. januar 2017

I mars tek Kristian Wennevold til i ei nyoppretta fastlege-stilling her ved kontoret i 50 % stilling. Han skal i tilegg vere sjukeheimslege i 50 % stilling. Om ein ikkje har fastlege i Hareid kommune, eller ønskjer å bytte fastlege, kan ein no velge Wennevold frå fastlegelista.

Vi ynskjer Kristian velkomen til oss!

Lenkje til Helfo sine sider.

JULA 2016

19. desember 2016

I romjula har vi åpe for øyeblikkeleg hjelp kl. 1000 - 1400. Ved behov for legehjelp utanom denne tida kontakt legevaktformidlinga på tlf. 116117. Julafta og nyttårsafta har vi stengt.

Vi ynskjer alle ei riktig GOD JUL !

INFLUENSA-VAKSINERING 2016

6. oktober 2016

Det vert vaksinering mot sesonginfluensa onsdag 26. oktober og onsdag 9. november frå kl. 0900 - 1200 på Hadartun. 

VAKSINA KOSTAR KR 150,-.

Personar i desse gruppene er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

- Gravide frå 12. svangerskapsveke

- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim

- Alle som har fylt 65 år

- Barn og vaksne med:

• diabetes type 1 og 2

• kronisk luftvegssjukdom

• kronisk hjarte- og karsjukdom

• kronisk leversvikt

• kronisk nyresvikt

• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

• nedsett infeksjonsforsvar

• svært alvorleg fedme (BMI over 40)

• annen alvorleg eller kronisk sjukdom

 

Saniteten vil servere kaffi. Vel møtt!

FREDAG 15. JULI - KONTORET STENGER KL. 14.00!

16. juni 2016

Fredag 15. juli stenger kontoret kl. 14.00. Dette på grunn av vedlikeholdsarbeid av IKT.

TELEFON UTE AV DRIFT I DAG ONSDAG 11. MAI - ER I ORDEN IGJEN NO!

11. mai 2016

Det har vore problem med telefonlinjene i dag, og det har ikkje vore mogleg å kontakte oss per telefon. Feilen er no retta.

ÅPNINGSTID PÅSKA 2016

18. mars 2016

Mandag 21. og tysdag 22. mars vanleg åpningstid 0800-1500. Onsdag 23. mars kun øyeblikkeleg hjelp 0900-1200. Ved behov for legehjelp utenom desse tidene, ring legevakta på telefon nr. 116 117. Ved akutt sjukdom eller skade ring 113.

Vi ynskjer alle ei God Påske :)

INFLUENSAVAKSINERING 2015

19. oktober 2015

 

DET VERT VAKSINERING MOT INFLUENSA PÅ HADARTUN

 

TORSDAG 29 OKTOBER FRÅ KL 0900 – 1130.

 

VAKSINA KOSTAR KR 150,-.

 

Personar i desse gruppene er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

Gravide frå 12. svangerskapsveke

Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim

Alle som har fylt 65 år

Barn og vaksne med:

diabetes type 1 og 2

kronisk luftvegssjukdom

kroniskhjarte- og karsjukdom

kronisk leversvikt

kronisk nyresvikt

kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

nedsett infeksjonsforsvar

svært alvorleg fedme (BMI over 40)

annen alvorleg eller kronisk sjukdom

 

Saniteten vil servere kaffi og kaker.

 

 

 

Bestilling av resept via app fra Helserespons

22. september 2015

Pga ein feil i systemet har det ikkje vore mulig å bruke funksjonen "resept" i denne appen. Det har vore berre "legetime" og "andre henvendelser" som har fungert, men no er dette retta opp i. App'en kan lastast ned gratis i App Store og Google Play. Ved bruk kostar det kr. 6.- per mottatte melding du får.

 

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117

3. september 2015

Legevaktssentralen.png

Frå 1. september 2015 er det nytt nasjonalt legevaktnummer. Heile landet får same sekssifra telefonnummer for legevakt: 116117 (uttalast hundreogsekstenhundreogsytten).

Dersom du ringer 116117 blir du ruta til den lokale legevaktsentralen. Her i distriktet kjem du til kommunane sin eigen legevaktsentral Akuttmottaket, ved Volda Sjukehus.

Følg lenke for meir informasjon.

Medisinstudentar ved kontoret

26. august 2015

Det vil i to perioder utover hausten vere medisinstudentar i praksis hos oss. Desse vil alltid ha ein av dei andre legane ved kontoret til å veilede seg.

Ytterland i permisjon frå 1. september

26. august 2015

Dr. Eirik Ytterland skal ha eit sjukehusår, og skal i den forbindelse ha eit års permisjon frå fastlegestillinga si hos oss. Sayora Sivertsen blir vikarlege en denne perioda, og tek såleis over pasientane som står på Ytterland si liste. 

KJERNEJOURNAL

6. juli 2015

Frå 15. august vil kjernejournal vil vere tilgjengelig for innbyggjarar i Hareid kommune.

Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Ho samlar helseopplysningar, noko som er spesielt viktig dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før.

Kjernejournal inneheld informasjon frå offentlege register, kritisk informasjon registrert av legen din og opplysningar du sjølv legg inn.

Desse opplysningane kan du sjå i kjernejournalen din:

  • dine eigne registreringar
  • kritisk informasjon
  • legemiddel
  • besøkshistorikk frå sjukehus
  • logg over kven som har gjort oppslag i kjernejournalen din

 

Kjernejournal erstattar ikkje journalar du har hos fastlegen eller på sjukehus, men er eit viktig supplement, særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

Kjernejournal bidreg til tryggare behandling og kan redde liv.

 

Følg lenke for meir informasjon.

AVTALEBOK PÅ LABORATORIET FRÅ JANUAR 2014

6. desember 2013

 

Vi kjem no til å starte opp med avtalebok på laboratoriet. Det vil seie, at om du skal ta blodprøver, fjerne sting, ta spirometri/audiometri, EKG (ikkje akutte) etc. må du først få deg time til dette på laboratoriet.

 

Dette gjer vi blant anna for å unngå toppar med lang ventetid for deg som pasient. Etter at du har vore på time hos legen din, vil han/ho sette deg på time til laboratoariet, forhåpentleg rett etter legetimen. Eventuelt får du time ein annan dag.

E-RESEPT FRÅ 19. OKTOBER

17. oktober 2012

 

 

Vi vil frå fredag 19. oktober starte opp med e-resept-ordninga. Du vil sleppe å møte opp på legekontoret for å hente resepten din, men i staden gå rett på apoteket og hente ut medisinen din der.

 

Du kan lese meir om e-resept her

 

SAMTYKKE

Legane er avhengige av muntlig samtykke frå pasientane for å kunne sjå om reseptar er utskrivne av andre legar, sjukehus, legevakt, etc. Dette for at vi skal kunne gi meir forsvarlig og oppdatert helsehjelp til våre pasientar. Vi ber derfor om at pasientar som ikkje samtykker til dette gir beskjed om det ved bestilling av reseptar eller på time. Det vil ikkje bli spurd spesifikt om dette ved kvar bestilling.

Det er også åpna ei muligheit for å sjå kva slags reseptar som har vorte henta ut frå apoteket. Dette krev også pasienten sitt samtykke, og vil bli forespurd der det skulle vere aktuelt.

 

VED BESTILLING AV RESEPT VIA SMS

Dersom du bestiller via SMS kan du gjerne samtidig i meldinga di skrive at du samtykker i dette (Eks. di melding "Samtykker") Dersom du ikkje gjer det i 1. meldinga, må vi spørre deg, og du må sende svar igjen. Du blir då altså belasta for 2 SMS'ar.

Chlamydiatest i urinprøve

12. januar 2006

Chlamydia er ein infeksjon i underlivet som hos kvinner ikkje treng gi symptom, men likevel kan gi alvorlege konsekvensar som skade på eggledarar og problem med å bli gravid. Tidlegare var det nødvendig å gjere underlivsundersøking hos kvinner eller føre ein pensel opp i urinrøret hos menn for å ta prøve til påvising av denne infeksjonen. No kan det gjerast i ei urinprøve uten at det er naudsynt med legetime. Urinprøva må takast i eit reint plastbeger og det må gå minst ein time etter siste vannlating før prøva blir tatt. Prøva kan takast på legekontoret eller heime, men den må innleverast seinast 6 timar etter prøvetaking for å gjerast klar til vidare forsending og analyse.

Chlamydiainfeksjon overførast ved samleie. Ein tilrår testing for chlamydia i samband med bytte av partner sjølv om ein ikkje har symptom.

TIMEBESTILLING VIA SMS

5. januar 2006

Vi har no fått timebestilling via SMS, meir informasjon om dette finn du i kolonna til høgre.